Lyrikk

Skulle vore eit godt menneske

Fra Jordsjukantologien nr. 1

DATO: 12.11.2017 / AV: Stein Torleif Bjella

Skulle vore eit godt menneske.
ikkje stunde etter meir.
Sita på tunet.
Rusle i skogen.
Fiske fisken.
Ta vare på det eg har.
Gle meg over andre.
Gå utmatta i seng.
Like å stå opp.
Ikkje isolere meg
iallfall ikkje heilt.

 

Ordknappe ålinger og skravlete bergensere, innegubber og friluftsjenter, bønder og redere, lyrikere og elektrikere, unge og gamle, syke og friske - nesten 10 000 mennesker abonnerer på Harvests ukentlige nyhetsbrev. Klikk her hvis du vil være en av dem  - helt gratis.

SLUTT