Bokutdrag

Stein på stein

Vakre byggverk og tunge tak.

DATO: 13.12.2017 / AV: Eva Røyrane / FOTO: Oddleiv Apneseth

Der det har funnest stein, har folk til alle tider gjort seg nytte av denne ressursen, blant anna som bygningsmateriale. Med stein på stein er små og store byggverk reiste for ulike føremål mange stader i verda, til nytte, men samstundes også til pryd.

Her i landet står mange fine murverk og vitnar om at det er fullt mogeleg å gjera gull av gråstein: Steinbruer med vakre kvelvingar, grunnmurar under hus og uthus, steinfjøs, mura eldhus, smier, utløer, stølshus og naust, kaiar og støttemurar langs gravplassar, vegar og jarnbane. Mange hus er tekte med stein som er hoggen ut i lokale skiferbrot. Steinen har vore ein kjærkomen og mykje nytta ressurs. Dei mange tørrmurane demonstrerer at det har funnest mange dyktige handverkarar som visste korleis dei skulle få steinen til å føya seg og bli liggjande lenge.

Og så er det bygd steingjerde, milelange steingardar som strekar opp og deler inn landskapet, steinlinjer som «batt verda saman», som diktaren Paal Helge Haugen så fint seier det. I dag ligg steingjerda meir eller mindre mosegrodde, delvis løynde i skogen og til dels samanrasa. Men mange stader er dei lange, buktande beine linjene framleis godt synlege. Steingarden er sjølve symbolet på den hardtarbeidande bonden som braut opp jord for å byggja seg ein gard, eit liv, eit land. Ved å bearbeida naturen med sine eigne hender skapte han kultur, det kulturlandskapet vi kjenner i dag, og som mange stader no er i ferd med å gå tilbake til naturen.

Skreddarsydd kulturlandskap
Ingen stad i vårt land har det blitt bygd så mykje av tørrmura gneis og granitt som i kystbonden sitt kulturlandskap mellom Bergen og Sognefjorden. Ingen stad er det reist så mange ulike typar byggverk i stein. På mange gardstun her, ved innmark og i utmark, står slike bygningar framleis, intakte eller som ruinar, mellom kilometerlange steingardar. Dei ser førhistoriske ut og er resultat av ein fleire tusen år gammal bygningstradisjon, men svært mange av dei blei bygde så seint som i siste halvdel av 1800-talet.
Vakre murverk ligg som smykke i landskapet. Monumentale gavlar ruvar som katedralar i det grøne. Plasseringa av og proporsjonane på bygningane skapte ein estetikk i harmoni med landskapet dei blei ein del av. I dag er kontrasten stor mellom dei gamle, låge, naturtilpassa gardshusa og oljealderens romfreke villaer i næraste nabolaget.
Anlegg i stein fortel om slit og hardt arbeid og korleis kystfolket tok i bruk dei ressursane som var tilgjengelege. Store steindungar hopa seg opp då bonden braut opp jorda for å laga ny åker og eng. Men desse dungane blei ikkje liggjande lenge, steinen kom til nytte sjølv om han ofte var alt anna enn enkel å mura med. Stein hadde dei rikeleg av i kystbygdene, tømmer var det smått med, for materialar av tre var handelsvare som kosta pengar eller kravde at bonden hadde andre bytemiddel. Fiskarbonden på øyane lenger vest hadde fisk å byta til seg materialar med. Det er ei årsak til at dei til dømes på Fedje, som også var utan skog, først og fremst bygde hus i tre og ikkje i stein som i bygdene austom.

Steinarkitekturen er ei verdfull kulturarv og eit kulturelt særmerke. Dei mange byggverka i stein er kulturminne som er med på å fortelja historia om tidlegare tiders liv og levemåte i kystbygdene. Som lyngheiane og den lokale dialekten er den spesielle bygningstradisjonen eit identitetsmerke for den steinrike regionen. Men steinbyggjartradisjonen på den norske vestkysten tilhøyrer samstundes eit større nordatlantisk kulturområde. Byggjeskikken på øyane vest om Nordsjøen, på Færøyane, Shetland, Orknøyane og i Irland, Skottland og England, fortel om same steinbruken som den vi kjenner frå bygdene langs norskekysten. 

SLUTT