Debatt

Å le av forskning

Lurar du på kvifor klimaforskarar er sjokkerte over at landbruksministeren ler av klimaendringane? Les dette.

DATO: 22.09.2014 / AV: Ingebjørn Bleidvin / FOTO: Dag O. Hessen

Som student var eg assistent på eit forskingsprosjekt på kreft. Eg var heilt, heilt nedst i hierarkiet, og jobben min gjekk hovudsakleg ut på å dobbelsjekka data. For kvar einaste cellegiftkur pasientane fekk, og det kunne vera ganske mange, skulle ein registrera eit titals blodprøvar i for- og etterkant, anslå kor sterke biverknadene var og loggføra alle infeksjonar og ei rekke andre opplysningar. Ettersom det ikkje er mogeleg å logga seg inn på systema til norske sjukehus utanfrå, måtte eg fysisk reisa rundt til dei fleste sjukehus mellom Tromsø og Kristiansand, få datatilgang og setja meg inn i journalsystemet. Og dette var altså rein dobbelsjekking. Alle data hadde blitt samvitsfullt registrert av forskarar og anna helsepersonell i fyrste omgang.

Ein ting var enkle ting som blodprosenten, som ligg i ein oversiktleg database sortert på dato. Verre var det med blodoverføringar, kvalme og diaré. Slikt vert ofte berre nemnt i forbifarten i pasienten sin løpande journal, og den kan vera lang. Ofte måtte eg skumma gjennom eit hundretals sider med betraktningar om allmenntilstand, avføring og appetitt frå eit utal ulike sjukepleiarar og legar for å vera sikker på at alt relevant hadde kome med. Deretter var det å byrja om att med neste pasient, godt over fire hundre stykk. Då eg omsider var ferdig, starta heile apparatet av statistikarar og overlegar med å kverna gjennom tala, for å sjå om ein eigentleg hadde funne ut noko som helst. Forsking er tregt og tungvint og ekstremt pirkete. Magefølelse er ikkje gangbar valuta.

Då Havforskingsinstituttet skulle undersøkja om seismikkskyting utanfor Lofoten og Vesterålen hadde skadeeffektar på fisket, nøya dei seg ikkje med å cruisa rundt på havet og leika seg med ekkolodd. Dei henta opp fisken, spretta buken, grov rundt i mageinnhaldet og delte det inn etter del av botndyr, kril og fisk. Alt for å sjå om seismikken gav endringar i fisken sin diett. Dette er flisespikkeri på eliteserienivå.

Forsking er også dyrt. Over seksti tusen personar jobbar med forsking og utvikling i Norge, og me brukar nær ti tusen kroner per innbyggjar på forsking kvart år. For kvar nye medisin dei store legemiddelselskapa får godkjent av det amerikanske legemiddelverket, har dei i snitt brukt oppunder seks milliardar dollar gjennom tolv år med utvikling og forsking. Berre å få forskinga kvalitetssjekka og publisert, kan kosta skjorta og ta evigheiter. Slik må det vera for å avdekkja slurv, svindel og tabbar, noko det har vore skuffande mykje av opp gjennom vitskapshistoria.

Eit av verdas mest anerkjente vitskaplege tidsskrift, Nature, har utgifter på mellom tretti og førti tusen dollar for kvar artikkel dei publiserer. Det er dette som er bakteppet når skulemedisinarar møter homøopatar og andre eventyrforteljarar.

Du har brukt vekevis på prosjektsøknaden din til Norges forskingsråd, fått tildelt halvparten av det du bad om, blitt kryssforhøyrt av Datatilsynet om sikkerheita til pasientopplysningar, forsikra Regional etisk komité om at du ikkje skal gjera noko moralsk forkasteleg, forska i to år og venta seks månader på å få artikkelen godkjent for publisering. Så møter du ein «kvantemedisinar» som lever av å selja spinndyre, elektroniske healing-duppedingsar som etter seiande skal kunna kurera kva det måtte vera. Det er forståeleg om du føler deg litt snurt. Slik er det også når klimaforskar møter klimafornektarar. Landbruksministeren frå FrP, Sylvi Listhaug, må gjerne meina at norsk landbruk er bygd opp som eit kommunistisk system. Det er i stor grad hennar funksjon å danna seg slike oppfatningar og freista å setja tankane sine ut i livet.

Det er noko heilt anna når ho avfeiar klimakrisa som «propaganda», og meiner det heile er «først og fremst en unnskyldning for å innføre mer skatter og avgifter». Når polarforskarane sit i mørkret og hakkar tenner i Antarktis i seks månader, er det ikkje skadefryd over Sylvi Listhaug sin stadig aukande bensinrekning som får dei opp om morgonen. Det er heller ikkje eit brennande hat mot Statoil som får nokon til å sitja med nasen gravlagt i fiskeinnvolar i timevis.

Listhaug hoverer over tusenvis av samvitsfulle menneske som har lagt ned millionar av arbeidstimar i eit forsøk på å forstå verda rundt oss. Ho har i tillegg fått seg eit problem som vil følga ho kvar einaste dag som statsråd. Naturvitskaplege forskingsresultat er ikkje ein buffé der du kan velja og vraka det du vil. Alt er jobba fram med same metodar etter same retningslinjer. Ein kan ikkje trekka i tvil heile klimafeltet utan at resten av naturvitskapane følger med i dragsuget; biologi, zoologi, geofysikk, meteorologi og så vidare. Når Listhaug dei komande åra byrjar ein setning med «Forsking viser at …» kjem ho til å mangla truverd. Kvifor trur ho på akkurat denne forskinga og ikkje all den andre?

Eit års tid etter mine tusenvis av journalsider og tusenvis av reisekilometer, kom resultatet av forskinga. Det gjaldt ikkje ein ny, revolusjonerande medisin som vil redda liv i åra framover. Det var beint fram ei samanlikning av to ulike kombinasjonar cellegift, for å sjå kva som gav minst biverknader. Konklusjonen var på halvanna linje: «Dei to kombinasjonane gav omtrent like overlevingstal. Kombinasjon nummer ein hadde berre litt mindre biverknader enn nummer to.» Meir var det ikkje, men det var nok. Me veit noko me ikkje visste før.

Eg har, på mitt svært beskjedne vis, bidrege til å auka menneskeslekta sin kunnskap om verda. Akkurat den magekjensla er ikkje så verst.

Dag O. Hessen: Feltrapport fra Svalbard nord

Fre. 22/8: Til Longyearbyen med fly og tallrike kolli spesialbagasje; fullpakkede metallkasser med prøvetakingsutstyr,  fire frysetanker som holder – 80, sekker, våpen…. Proviantering, innkjøp av ny GPS med Svalbardkart og posisjoner. Stuing av  kolli i lasterommet på MS Farm, med én lugar og syv køyer – akkurat nok. Farm kaster loss kl. 17. Finnhval følger på vei ut en stille Isfjord, vakkert, god stemning – til vi runder stiv kuling rundt Daudmannsodden og tar fatt på Forlandssundet i nordvesten med bølger midt i mot. En natt med spying på vei til Ny-Ålesund.

Lør. 23/8: Til Ny-Ålesund kl 08. Sol. Etterfylling av flytende nitrogen på frysetankene. Ny Ålesund er en internasjonal forskerlandsby med betydelig internasjonal solidaritet – tyskerne på Koldeway-stasjonen har nitrogen… Over oss Zeppelinfjellet med den første målestasjon i verden som registrette over 400 ppm CO2. Vi sampler prøver fra lokale vann – så om bord i Farm og videre nordover. Fortsatt NW og stampesjø, men avtakende. Bra natt.

Søn. 24/8: Våknet opp ved Danskeøya, rosa sol på fjell som stiger fram av skodde. Vakkert. Isbjørnbinne (mager) med unge langs stranda. Hva lever de av her? Prøvetaking i Arresjøen og strandsone (vi ser på genomstørrelse hos organismer i ekstrem-miljø).

Man. 25/8: Til Vårfluesjøen og røyefiske – en fantastisk røyelokalitet på nær 80 oN. Sjørøya. Hollendergraver med beinrester på stranda. På 1700-tallet var dette hvalfangerland (Smeerenburg rett ved). De første røyene i garnet etter 20 minutter, den største på 4 kg. Blodprøver (og middagen) er sikret. Innover Reinsdyrflya, Hardangervidda i miniatyr. Resampling av lokaliteter som ble prøvetatt for 20 år siden. I land på Måkeøya (som burde hett terneøya) – spektakulært rikt av blomster og fugl, hundrevis av terner, fjæreplytt, tyvjo, polarsvømmesnipe, islom – og ferske isbjørnspor og isbjørnmøkk. Ladegrep. Fortsatt midnattssol (siste natt?), røyemiddag kl 02. Lav sol, havblikk, isflak med storkopper og bjørnespor, hvalross og en flokk hvithval.

Tir. 26/8: Til de varme kildene innerst i Woodfjorden. T-skjortevær, blikk og sol. Start ved den gamle vulkanen, 4 t tur/retur – breer, tinder og banditter. De varmeste kildene holder 25 grader og en interessant mikrokosmos – innbyr til bad. Isbre og røde fjell i mot. Tilbake til båten og videre til Femmilssjøen for garnsetting på kvelden i den mest ekstreme røyelokalitet som tenkes kan. Maks sommertemperatur er + 2.5, breen kalver rett i vannet – men røya klorer seg fast. Er de eldste 30 år? Otolittene vil gi svaret. Fortsatt havblikk. Vakkert. Magisk.

Ons. 27/8: 10 røyer i garnet. Isbjørnspor på fonna ved vannet. Vi kakker isbiter til whisky, utbringer en skål for vellykket feltarbeid, steker røya og setter kursen sørover. Mer stampesjø, videre detaljer utelates.

Tors. 28/8: Noen av oss mønstrer av i Ny-Ålesund, flyet går med et nødskrik videre til Longyearbyen (tåke). Hjem til et grønt landskap, +20 og uker med analyse av prøver. De andre stamper sørover til Kapp Linné og flere samples.

 

HARVEST ER GRATIS og oppdateres jevnlig med saker om mennesker og natur. Vil du ha en ukentlig oversikt over våre beste saker? Trykk her  

SLUTT