Fotoreise

Eit skilpaddeliv

Om å gå (nesten heile vegen) frå Oslo til Bergen saman med Ketil Eilertsen. Fotografert med eit Hasselblad 500c, 80mm f2.8.

DATO: 04.09.2014 / AV: Kieran Kolle / FOTO: Kieran Kolle

Det går tregt. Det er tungt. Det er eit sant slit. Kvart steg tel. Framover. Det er vegen som er destinasjonen. Framover. Målet kan vere det same. Gnagsår har fått ei heilt ny tydning. For ikkje å snakke om hygiene. Det har så absolutt ingenting å seie no. Berre fleire omgrep som føyer seg inni rekka av irrelevans. Slik er det på langtur.

På kvelden vaknar auren til liv i overflata og primusen putrar. Himmelen går frå blått, til raudt og attende til blått. Ein etter ein blir dei skrudd på der oppe i det fjerne. Heilt til himmelen visar oss eit inferno av blinkande ljos. Dette er det me sovnar til. Ein ny dag kjem til så blir den gamal og forsvinn inn i rekka av dagar som har vore. Sekkane blir heldigvis lettare, medan gnagsåra blir verre og verre. Myggstikka blir større, det same blir fjella.

Vidda strekk seg ut i det ufattelege. Kvart bidige steg fører til ein ny oppleving. Ein konstant variasjon.
Samtidig er det som ein gong var nytt og spanande, no blitt rutine. Kvardagen er gløymd. Somme dagar treff me folk. Andre dagar ingen. Somme dagar skulle me ynskje me traff folk. Andre dagar ikkje. Somme av dei me møter skulle me ynskje at me ikkje traff. Andre håper me å treffe igjen.

Ein dag tek eg meg sjølve i å stirra på ein stein. Steinen er kompleks. I motsetnad til meg er den udøydeleg. Eller er den daud? Kor kom den frå? Skal den ein dag forvitra slik som alt anna? Kor lang tid brukte den på å ta form?

Dette er tankar eg ikkje har tenkt sidan eg var ein liten gut. Dette er tankar eg vil tenke oftare. Ein mann sa ein gong at me må gå inn i naturen, ikkje ut. Slik me gjorde som ungar.

SLUTT