Norges nasjonalbåt

En nær sjøen-opplevelse

DATO: 21.01.2017 / AV: Simen Tveitereid og Kjell Magnus Økland

Kunsten å bygge og bruke en Oselvar er blitt en del av verdens verneverdige kulturarv. Norges første bidrag på Unesco-liste.  

Det skjedde i den travle førjulstiden. Derfor var det ikke så mange som fikk det med seg. Ikke desto mindre var det et historisk øyeblikk. Mennesker langs Vestlands-kysten holdt pusten. Særlig i Os. Holdt pusten av spenning da medlemmene av Unesco-komiteen samlet seg i Adis Abeba, for å vurdere årets nominerte kandidater. Til listen over verneverdig immateriell kulturarv. Ikke bygninger eller steder, men tradisjoner, praksis, kunnskap.

I 16 år har Unesco sagt ja til flere hundre tradisjoner fra mange land (og nei til like mange). Armensk brødbaking står på listen. Belgisk rekefisking fra hesteryggen.
Men ingen norsk kulturarv har vært nominert før. Ingen fra hele Norden.
Komiteen sa ja til ungarsk folkemusikk, til belgisk ølbrygging og en flåte-festival i Japan. Så kom turen til Oselvaren. Selve håndverket. Prosessen det er å bygge en Oselvar. Den som starter med en tur i skogen. Der båtbyggeren ser etter det rette trevirket. Eik og furu som er mellom 150 og 200 år gamle. 

Oselvaren var det viktigste framkomstmiddelet på Vestlandet i mer enn tusen år, inntil bilen nylig ble mer populær. Farkosten er fortsatt viktig som fritidsbåt, til roing, fisking, seiling. Kan bygges med lasterom i midten. Kan tilpasses for motor. Vanligvis mellom fem og syv og en halv meter lang. Det er måten båten møter vannet på, som gjør den unik. Den smyger seg i sjøen som en svane. Drar med seg og dytter unna lite vann. En båt som handler om å være i harmoni med sjøen, sier de som kjenner Oselvaren. Kåret til Norges nasjonalbåt av Redningsselskapet.
Ville kunsten å bygge denne båten bli Nord-Europas første bidrag på Unescos liste over verdens immaterielle kulturarv?
Ja, var svaret fra Adis Abeba. Da ble det fest på Oselvarverkstaden.

Kjell Magnus Økland har nylig gitt ut et storverk om Oselvaren. Det var han som skrev nominasjonsforslaget til Unesco. Under videoen presenterer han båten nærmere for Harvests lesere. 

Båtlaus mann er bunden til land

I ei tid der stort sett alt folk omgjev seg med er produsert på samleband, laga av kunststoff med standardiserte løysingar og røynslene våre i stor grad skjermbaserte, treng me noko som er annleis. Me treng å vita kvar me kjem frå for å ta gode val om kvar me skal.
Båtar representerer ein svært rik kunnskapstradisjon og har vore heilt avgjerande for busetnaden langs Norskekysten. Det er berre å ta ein rask kikk på Norgeskartet, så innser ein at vikingane sitt ordtak båtlaus mann er bunden til landet framleis er sant. 

Oselvar har gjennom fleire hundre år vore nemninga på ein klinkbygd, tradisjonell båttype på Vestlandet. Båten si soge er mykje eldre og strekkjer seg fleire tusen år attende. Undervegs er båten stadig forbetra gjennom samspelet mellom mange generasjonar av båtbyggjarar og båtbrukarar. Dette immaterielle kunnskapssamarbeidet har skapt ein båt som har takla overgangen frå tradisjonell bruksbåt til moderne fritidsbåt like elegant som han taklar bølgjene.
Oselvar-omgrepet skriv seg frå midten av 1700-talet og stammar frå Os i Hordaland. Båttypen har vore mest vanleg som bruksbåt frå Ryvarden i sør til Sognefjorden i nord, men ein finn døme på bruk av han langs heile Norskekysten, på Shetland og på Orknøyane. Oselvaren har i tillegg vore nytta som sportsbåt heilt i frå 1800-talet, og er i dag mykje nytta som fritidsbåt.

Tilhøvet mellom båtbyggjar og båtbrukar er ein symbiose. Byggjaren er avhengig av kundar for få oppdrag. Brukaren treng frå tid til annan ny båt og må då til båtbyggjaren. Utfordringa er å ha mange nok aktive båtbrukarar slik at ein kan halda nok båtbyggjarar i arbeid til å sikra god kunnskaps- og tradisjonsoverføring over tid. Det er òg vesentleg at båtbrukarane er på eit visst nivå slik at dei vert kravstore kundar, slik at båtbyggjarane får noko å bryna seg på. 
Dei to partane avtaler pris, produkt og levering.

For båtbyggjaren startar prosessen med å laga ein ny båt med ein tur i skogen der trea plukkas ut på individuelt vis. Før han tar avgjersla om å fella eit særskilt tre, vurderer han storleik, røter, bork, stamme, greiner, krune, terreng, jordsmonn vind- og soltilhøve. Deretter skal materialet fraktast til saga, skjerast, fraktast til verkstaden, tørkast og stablast på materiallageret. Undervegs tek båtbyggjaren ei rad avgjersler som har innverknad på den ferdige båten. Desse er basert på røynsler opparbeidd gjennom fleire tusen års praksis med å byggja båtar med overlappande bordgangar. Dei siste 1700 hundre åra har borda i båtane vorte klinka saman med naglar av jern eller kopar. Før dette sydde ein bordgangane.

Under bygginga lagar fyrst båtbyggjaren røyset, den sentrale bogen med stamnar, lòt og kjøl. Deretter kjem borda på parvis, fyrst halsane bak og framme og botnabordet i midten. Dette er fyrste omfaret eller etasjen, med bord i båten.
Andre omfaret er dei svært breie børaborda. No kjem den fyrste innveden i båten, underbanda, tverrskips forsterkning. Øvste bordgangen heiter ripebord, før båtbyggjaren monterer betane, L-forma tverrskipsbindingar over underbanda og hodleronga. Langs med øvre kanten av ripeborda kjem esingane som vert avslutta bak og framme i båten av rengene, to V-forma rotkne.
Kva tilfar, altså laust utstyr, som båten får er avhengig av kva kunden skal bruka båten til. Oselvaren kan brukast med årer, rigg og segl eller motor.

Til skilnad frå mange andre tradisjonsbåtar er Oselvaren ein båt med levande byggje- og brukstradisjon. På Oselvarverkstaden kan du tinga deg ein heilt ny båt og det vert kvart år arrangert ei rad regattaer med Oselvar-NM som det årlege høgdepunktet. Det vert stadig arrangert kurs i bruk og stell av båten, av ei rekkje lag og organisasjonar.  

At Oselvaren framleis er så aktuell heng saman med at båttypen både for årer, segl og motor har alle dei kvalitetane nymotens båtbrosjyrar lovpriser. Oselvaren er sjødyktig, trallbar, letthandterleg, turvenleg og fleksibel. Med nokolunde stell varer båtane svært lenge, og same båten kan gje nær-sjødn-opplevingar til både to, tre og fire generasjonar båtbrukarar.  

Det tilfører meining og innhald til eit produkt når du veit at materialane er lokale, at handverkarane skreddarsyr båtane og utstyret til dei. Oselvaren byr deg med på nær-sjødn-opplevingar gjennom heile livet: barna som lærer å ro, ungdomane som lærer å segla, høg puls for dei som jaktar på adrenalin-opplevingar eller langsam dorging for dei som er byrja å roa ned. Båten er såleis ein arena for livslang læring der du er aktør og ikkje tilskodar. Dei klinkbygde båtane er berekraftige produkt som byr på opplevingar for alle sansane.

SLUTT