Bok

DET NORSKE HUSET

DATO: 26.03.2017 / AV: Frode Grytten / FOTO: Jens Hauge

Svolten sag

Du er ikkje feig. Du har hammaren du fikk av far din. 
Du har ei svolten sag. Du har material i boda og krut i blodet. Det er april, og himmelen er like gjennomsiktig som dagane dine.
Du plukkar laus sårskorpa frå kneet og opnar døra mot sollyset. Du skal ta til.
Du er gammal nok. 

TIL SALS

Nøkkelferdig og innflytingsklar fritidsbustad på eitt plan. Bustaden er modernisert over tid med nytt tak og golv. Normal standard og gode kvalitetar. Eigen uteplass og hage. Barnevennlig område og vanskelig tilgang for vaksne. God utsikt for spionasje. Kort veg heim.

Bustadsareal: 4 kvadratmeter.
Prisant: Eitt gameboyspel (Advance).
Visning: Torsdag etter fotballen.

Stenge hytta for vinteren

1. SJEKK AT VINDAUGA ER LUKKA (OM DU HAR VINDAUGE DÅ).
2. TREKK FOR GARDINENE FOR Å HINDRE INNSYN (MEN DET VEIT DU JO ALLEREIE).
3. FJERN ALLE PORNOBLAD.
4. FØLG MED VED STORE SNØFALL.
FINT Å SJÅ PÅ, MEN KRITISK FOR HYTTA.
5. I TILFELLE STORM: HUGS Å GÅ TIL HYTTA FOR Å SJÅ KORLEIS VINDEN RIV OG SLIT I DET DU HAR BYGD.
6. GÅ OVER HYTTA UTVENDIG, SÆRLIG TAKET.
7. KJEM DU TIL Å BRUKE HYTTA TIL VÅREN IGJEN?
8. MELANKOLI.

Space Cowboy

Du klatrar opp stigen. Kvar minste rørsle i treet får deg til å gyse av glede. Oppe får du ei sensasjonell kjensle av høgd. Himmelen har landa i tretoppane, og du bur i lause lufta. Dette er mykje høgare enn det verkar nede frå bakken. Skumringa gjør deg vektlaus. Du blir ein cowboy utan minne. Du flyg lågt over husa i et blått mørke. Du svever over jorda, over landskapet, du kjenner ei tung duft av blomstrar og grilla kylling. Etter at du har passert byen i låg fart, ligg havet stille på høgre hand. Ingen stad i deg finst nedstigninga.

Første byggetrinn

Noko har skjedd, og aldri meir kan du gå heim. Snart vil dei stå under hytta og rope at du må komme heim. Kan ikkje! skal du rope ned. Kan ikkje? skal dei svare. Nei, for eg har ingen heim! Kompisane dine forstår dette utan at du treng å seie noko som helst. Alle saman er her i hytta for først gong etter haustferien. Bruset frå bilane stig opp frå vegen. Det kalde regnet lek inn, regnet du har venta på hele tida. No er det her. Regnet som får alt til å gå saktare. Du har mista sommaren, språket ditt og foreldra dine. Du sit stille saman med kompisane og veit for første gong kva lykke er.

Heim, kjære heim

Det siste meklaren sa då dei tok over einebustaden på 210 kvadrat med fantastisk utsikt og unike soltihøve, var at dei måtte ta godt vare på eigedommen. Meklaren understreka at vedlikehald er alfa og omega for eit eventuelt vidaresal. Paret la seg orda på minne og var varsame då dei flytta inn. Frå dag ein gjorde dei det til ein vane å gå med plasttrekk utanpå tøflane. Dei var nøye med å montere møbelknottar under alle bein. Hunden gav dei bort til naboen. Batteriet i ringeklokka blei tatt ut. Bilen parkerte dei vanligvis nede i vegen for at det ikkje skulle komme eksosflekkar på veggane i den romslige garasjen.  

Dei blei einige om å sløyfe innviingsfesten fordi dei ikkje ville ta sjansar på eventuelle skadar på dei kvite fyllingsdørene eller den nylagde parketten. Så ofte dei kunne, dusja dei på jobben, og han gjorde det til ein vane å barbere seg på offentlige toalett for at dei skulle unngå skjeggstubbar i porselensvasken. Dei vurderte fram og tilbake kvar dei skulle bore for bildeoppheng, dei ville ikkje lage unødvendige hol i veggane. Seks månader seinare hadde dei ikkje hengt opp eitt einaste bilde.

Oftare og oftare åt dei ute eller tinga mat, slik at dei reduserte utsleppa av matos på kjøkkenet (som ellers var ei herlig blanding av rustikt og ultramoderne). Etter eitt år hadde dei bare hatt foreldra hennar på besøk. Andre fikk vente. Særlig iherdig forsøkte dei å unngå besøk av barnefamiliar. Dei ville ikkje aktivt bidra til å redusere verdien på den flotte bustaden, som var fylt med lyse pastellar og luksuriøse detaljar.

Ein kveld i juni hadde dei bestemt seg. Ho hadde allereie funne ein liten blokkbustad som låg ok til like utanfor sentrum. Der kunne dei bu ein periode framover, slik at dei minimaliserte slitasjen og fikk endå større verdistigning på einebustaden.

- Det er best slik, sa ho siste kvelden i drømmehuset.
- Det er det, sa han. - Eg har rekna litt på på bukostnadane, og total sett kjem vi betre ut med å leige, så lenge slitasjen på denne bustaden blir nær null per år.
Dei låg stille ei stund i mørket.
- Eg kjem verkelig til å sakne dette huset, kviskra ho.

Harvest graver etter gammelt og nytt gull, og gir deg det gratis. Men vi takker for din støtte:   
Vipps til 71085.
Gi et beløp til konto 6039.08.22084. 
Eller en fast sum som støtteabonnent her.

SLUTT