Nye hyttevaner

Den norske hytta – fra jobbing til jogging

Hva er typisk norsk? Å like det spartanske og arbeidssomme hyttelivet? Eller å ha ei ny, stor hytte for løping og ski?

DATO: 04.11.2017 / AV: Arne Lie Christensen/Syn og segn

Turgåarane var gjerne akademikarar, eller dei var studentar – og i motsetnad til folk flest hadde dei fritid.

1. EG SKRIV DETTE PÅ DEN ENKLE HYTTA MI
Eg skal freiste å gi nokre glimt inn i historia til sekundærbustaden – hytta.
Historia kan vi fylgje langs to liner: ei tradisjonell eller folkeleg line med setra eller stølen som utgangspunkt, og ei moderne eller borgarleg line som startar med herregarden og lyststaden. Eg skal òg ta opp synet på arbeid og fritid, og ikkje minst på omgrepet fridom. Artikkelen er, som det sømer seg, skriven på den enkle og vesle hytta mi i skjergarden utanfor Kragerø, ei hytte som far og eg bygde sommaren før eg fylte fjorten. Men som nemnt i overskrifta kan det sjå ut som om synet på hytta og hyttelivet i vår tid har vore i endring.

Overklassa i Christiania var også fascinert av den nye tida, ideane om fridomen og livet på landet, som vart sett på som meir ekte og opphaveleg.

2. JOHAN BORGEN OG ARBEIDSNEVANE
På 1960-talet heldt forfattaren Johan Borgen (1902–1979) kåseri i Søndagsposten i NRK. Han såg tilbake på barndomstida og livet på landstaden tidleg på 1900-talet. Johan kom sjølv frå ein velståande familie og reflekterte i programmet over organiseringa av familien, tenarskapet og dei arbeidande hendene, som var ein føresetnad for livsforma til overklassa – og til familien Borgen.
Familien Borgen bestod av to vaksne og fire born, i tillegg til to hushjelper. Kvar sommar leigde familien ein liten dampbåt som kunne frakte dei og det store flyttelasset deira ut til landstaden på ei øy rett utanfor Oslo, eller Christiania, som byen heitte den gongen. Her var det ikkje behov for berre dei to hushjelpene, men også gartnarar og andre som bidrog til å halde hus og hage i stand, og som slik var med på å oppretthalde den høge levestandarden til familien.
Ofte flytte heile familien ut i sommarmånadane, medan mannen gjerne pendla med rutebåten inn og ut av byen, slik også Johan Borgens far gjorde. «Pappabåtane» vart dei kalla, båtane i Oslofjorden.
Når Johan Borgen ser tilbake, femti–seksti år seinare, spør han seg om luksustilværet bidrog til at dei sjølve gjekk glipp av mangt og mykje. Korleis hadde han eigentleg opplevd naturen? Han hadde rett nok levd i han, men likevel ikkje. «Vi gikk med strømper og sko om sommeren, unntatt når vi badet. [… Vi] levde som betraktere av naturen, tror jeg, som en slags romantiske kunstbetraktere.»

Fisking var ein del av sommaraktivitetane, fortel han, fyrst og fremst for underhaldning og moro. Fisken sløgde dei ikkje sjølve, men tok han med til kjøkenet «med gørret i». Resten av grovarbeidet tok hushjelpa seg av: «Nei, det var noe grunnleggende galt ved dette forholdet. En slags forfalskning. Og alltid skulle vi ha alle slags ‘menn’ til å gjøre noe for oss. Gutter blir ikke nevenyttige av å beundre nevenyttige menn, enten det er gartnere eller snekkere.»
Johan Borgen tek opp synet på arbeid og omgivnadar hjå velståande byfolk for godt over hundre år sidan. Har dei ganske enkelt forakta fysisk arbeid?
Seinare i livet vart Johan Borgen van med å «ta hånd i hanke med tingene selv», som han sa, trass i at han aldri eigentleg var særleg nevenyttig. Dette var då også noko han verkeleg kritiserte foreldra sine for: Kvifor gav dei han ikkje erfaring med praktisk arbeid? Johan Borgen innsåg at forholdet til naturen og omgjevnadane gjekk gjennom den fysiske opplevinga, «ikke gjennom betraktningen». Samkvemmet går gjennom hendene, skriv han ein stad, «vårt viktigste verktøy»: «To menneskehender – hvilket vidunderlig redskap. Men er en ikke kommet i tidlig vane til å nytte dem, blir de i grunnen bare en slags utjenelig krimskrams ytterst på armene. […] Språket har ikke funnet opp et mer treffende uttrykk enn dette med å ha ti tommeltotter.»

Å gå tur for turens eigen del er heller inga norsk oppfinning. Også dette er noko vi har lært av tyskarar og engelskmenn. Ordet «hytte» er då også opphaveleg eit lånord frå tysk.

3. «SØG DET STED HVOR FRIHET BOR»
I 1758 skriv Christian Braunmann Tullin (1728–1765) diktet «Maidagen». Diktet kom til i anledning bryllaupet mellom to av dei rikaste borgarane i Christiania: Morten Leuch – eigaren av Bogstad gard – og tremenningen Mathia Collett. For Tullin var byen som eit fengsel, og difor søkte han seg også vekk og ut på landet, ut i friheita.

Min Muse, kom og lad os flye
Fra dette melancholske Fængsel,
Hvor Ønsker daglig døe i Trængsel,
Og fødes for at døe paa ny,
Hvor Kunst og Vid kun pønser paa
Den beste Plan til nye Sorger,
Hvor Rigdom sulter for at faae
Det Støv den for sin Arving borger.

Søg op det Sted hvor Frihed boer;
Hvor kunstlet Sorg, selvgjorte Plager
Utgjør ei Livets fleeste Klager,
Men Smile selv hos Armod groer;
Hvor jeg og du kan løse lidt
De Tanker som laae før i Lænker,
Og uden Tummel drikke frit
Den Nectar som Naturen skjenker.

Her sværmede en Fuglehær
Af Sisiker, Bogfinker, Svaler,
Maaltroster Norges Nattergaler
Som fløj forlibte her og der;
Hver med sin Tone stemmed’ i;
Og Quiddren, Fløjten, Piben, Lokken
Klang med foreenet Melodie
Som præktigt Chor blant heele Flokken.

Diktet er skapt i opplysningstida og er påverka av filosofen Rousseaus tenking. Det vart beundra og omsett til fleire språk. Overklassa i Christiania var også fascinert av den nye tida, ideane om fridomen og livet på landet, som vart sett på som meir ekte og opphaveleg. Dei kondisjonerte var gripne av ideane om «fridom, likskap og brorskap», samstundes som dei sjølve – paradoksalt nok – omgav seg med ei mengd av tenarar. Det er nærliggjande å spørje kven den nye fridomen var til for. Opplysningstida markerer eit viktig kulturelt vendepunkt og ei utvikling mot eit meir ope og demokratisk samfunn, og kulminerte med Grunnlova av 1814.
Byborgarane åtte alt på 1600-talet eigedomar rundt om i landet, som dei flytte til og frå. Dei drog mellom hovudhuset i byen og løkker og storgardar der det vart produsert mat til hushaldninga. I opplysningstida, då det nemnde diktet vart til, var dei store eigedomane gjerne i bruk som sommarresidensar og lyststader. Her tok byborgarane imot gjester og arrangerte til dels overdådige festar.
Frå 1700-talets løkker og storgardar går det ei line fram til byborgarane sine landstader og dei fyrste hyttene på 1800- og 1900-talet.

Turismen i fjellet var todelt – mellom dei som søkte det enkle og sparsame, og dei som favoriserte luksus.

4. TURGÅAREN OG DEN PRIMITIVE BUA
Den romantiske lengten til landet og den frie naturen har vore eit viktig kjenneteikn på den europeiske kulturen sidan slutten av 1700-talet og framveksten av det moderne samfunnet, i samtida nærmast som ein slags motkultur å rekne. Av same grunn vart det skapt ein tradisjon blant dei kondisjonerte om å gå på tur, særleg blant kunstnarar og akademikarar. Her kunne dei fritt observere og betrakte dei ville fjella og den urørte naturen nærmast som eit kunstobjekt. Men å gå tur for turens eigen del er heller inga norsk oppfinning. Også dette er noko vi har lært av tyskarar og engelskmenn. Ordet «hytte» er då også opphaveleg eit lånord frå tysk.
Den tyske målaren Caspar David Friedrichs bilete «Vandraren i tåkeheimen» frå 1818 gir eit optimalt inntrykk av det som blir kalla det sublime landskapssynet. Vi ser turgåaren, mannen i fjellet, langt utanfor sivilisasjonen, «alene men ikke ensom», som Goethe skal ha sagt: «Hadde jeg tatt et skritt til siden, hadde jeg vært død», kunne Goethe seie – samstundes, og i vissa om at det heile eigentleg ikkje var forbunde med nokon fare. Ein turgåar i fjellet på denne tida hadde som oftast følge med ein kjentmann frå bygda. Biletet skal visstnok vere eit fantasibilete, og målaren sjølv har truleg aldri vore til fjells.

Draumen om den ville naturen «langt borte frå sivilisasjonen» pregar også mange av artiklane i årbøkene til Den Norske Turistforening i siste delen av 1800-talet. Turgåarane var gjerne akademikarar, eller dei var studentar – og i motsetnad til folk flest hadde dei fritid. Kanskje var dei på veg til ei primitiv steinbu, eller dei tok inn på ei seter. Felles for alle er ideen om det enkle livet: «Tarvelegheit» var eit mykje nytta ord blant dei kondisjonerte, ikkje minst etter 1814, som eit uttrykk for og bilete på den økonomiske krisa. Dei tronge tidene gjorde sitt til at også overklassa i landet måtte stramme inn livreima. Men ordet tarvelegheit hadde òg ei positiv tyding; i det låg til dømes eit ynske om å leve sparsamt, ikkje berre fordi ein hadde dårleg råd, men fordi det å vere nøysam var eit ideal og eit medvite ynske. Då økonomien igjen tok seg opp etter midten av 1800-talet, kunne tarvelegheitsidealet òg fungere som ein klassemarkør, som ei motvekt mot luksus og overflod hjå dei nyrike, noko som mellom anna kom til uttrykk i ekstravagansen på turisthotella.
I årboka for 1909 kritiserer også arkitekt Carl Berner tidas luksuriøse turisme, representert med nettopp dei mange turisthotella i prangande og spektakulær sveitserstil. Berners kritikk viser korleis turismen i fjellet var todelt – mellom dei som søkte det enkle og sparsame, og dei som favoriserte luksus.
«Der er nemlig kommet op i mig en stærk ængstelse for at vore herlige sætres dage snart er talte, at de lave hus med torv paa taget, med en fin blaa røk op af skorstenen og med geit og ‘kretur’ brækende og rautende nedover mod elven – skal forsvinde, og at der paa ruinerne af denne høifjeldsidyl skal reise sig hoteller med snipkjoleklædte gjæster, centralopvarming, portierer og livreklædte tjenere, der bukkende modtager de tilslørede og tilstøvede automobilister, – og med regninger, der hindrer almindelige dødelige i at skue ind i fjeldverdenens tindrende syner.»

«Hu, her er fælt stygt og audt her», sukkar Malene – ho såg landskapet med eit anna blikk enn den kondisjonerte turisten. Sjølv hadde ho neppe vore på dei høge toppane, for kva skulle ho der?

5. KULTURMØTE I FJELLET
Eg ser på eit fotografi av Anders B. Wilse frå 1880-åra som viser møtet mellom turisten og budeia. I bakgrunnen kan eg skimte Buarbreen, ein brearm av Folgefonna. Den mannlege turisten går på tur med dotter si, og i handa held han ein paraply. Budeia har eit lite barn på ryggen, og ho ber på ei vassbøtte.
Biletet er illustrerande og syner eit møte mellom to ulike kulturar: seterlivet og turlivet. Hjå budeia er landskapet primært eit produksjonslandskap, eit ledd i primærnæringa. Turisten ser på landskapet med andre briller, og han nyttar naturen fyrst og fremst til rekreasjon, som utgangspunkt for si eiga fritid.

I boka Ferdaminne frå sommaren 1860 tek forfattaren, redaktøren og fjellmannen Aasmund Olavsson Vinje opp ulike syn på landskapet. Og Vinje veit kva han snakkar om, med sin doble kulturelle bakgrunn. Vinje har vakse opp i fattige kår i Vinje i Telemark. Han er fortruleg med bøndene og deira jordnære syn på tilværet; samstundes har han tileigna seg det estetiserande blikket hjå byborgarane og kunstnarane. Dette kjem tydeleg fram under eit møte i fjellheimen med Malene frå Folldal: «Hu, her er fælt stygt og audt her», sukkar Malene – ho såg landskapet med eit anna blikk enn den kondisjonerte turisten. Sjølv hadde ho neppe vore på dei høge toppane, for kva skulle ho der? Malene var van med å gå langt og bere tungt, og ho var fortruleg med landskapet på sin måte. Men å gå på tur for turen sin skuld var ein framand tanke for henne.

Noreg er eit rikt land med mange, spreidde ressursar, i bygdene og på fjellet, i skogane og på havet. Den spreidde ressurstilgangen har òg ført til årlege flyttingar – frå bygda og til setra, tømmerkoia eller rorbua. Den stadige flyttinga frå heimen til sekundærbustaden – og vekslinga mellom sesongane – har vore ein vesentleg del av livsmønsteret heilt fram til våre dagar, og det har vore med på å danne grunnlaget for førestillinga om den norske «hytta» – ettersom mange av setrene seinare vart tekne i bruk som hytter.
Seterbruket går tilbake til det fyrste jordbruket alt i yngre steinalder, og det har vore setrer over heile landet, ikkje berre i fjellbygdene, men også i skogane og ved sjøen. 
Eldre budeier som eg har intervjua, mellom anna frå Gudbrandsdalen, ser gjerne tilbake på seterlivet med ei spesiell glede. Fjelltrong er eit uttrykk som vart mykje brukt av budeiene, og det seier noko om ein særskild lengsel mot fjellet. I likskap med turgåarane må dei ha kjent på ein sterk fridom på fjellet, om ikkje på same måten som turisten. Det var rett nok mykje arbeid her, særleg før det vart vanleg med mjølkelevering. Men å vere ei god budeie gav òg høg status. Og fellesskapet mellom kvinnene betydde mykje, for på setra var dei borte frå eit meir eller mindre paternalistisk bygdesamfunn med streng sosial kontroll. Men korleis oppfatta budeiene og lokalbefolkninga dei nye turgåarane og hytteeigarane som oppsøkte naturen?

Rammene for eit aktivt stølsliv vart utfordra av ein ekspansiv hytteturisme – på turistens premissar.

6. FRÅ SETER TIL HYTTE
I løpet av dei siste hundre åra har det mange stader vore ein overgang frå seterliv til hytteliv, frå setergrend til hyttegrend. Dei fleste setrene er lagde ned eller drifta er modernisert, samtidig som talet på turgåarar og hytteeigarar har gått opp. Overgangen skjedde dels ved at byfolk overtok dei gamle setrene, og dels ved at eigarane og etterkomarane deira gjekk over til sjølve å bruke setrene som hytter. Noko av dette har resultert i ei forsiktig form for revitalisering av stølshusa og stølsområdet, som til dømes når gamle seterstigar blir merkte og brukte som turstigar, eller når gamle seterhus blir gjorde om til hytter. Den tidlegare ostebua gjekk til dømes frå å vere eit opphaldsrom for bevaring av ost til sengerom for turistane. Men vel så ofte er setergrenda blitt totalt dominert av moderne hyttebygging – eventuelt i «gamal» stil – som til dømes på Beitostølen.
Korleis har bygdefolk og turistar påverka kvarandre, og korleis har dei sett på kvarandre? Det urbane tur- og hyttefolket har skrive mykje om dette, mellom anna i årbøkene til turistforeininga, i motsetnad til lokalbefolkninga, der det finst lite skriftleg materiale som fortel om kulturmøte mellom by og bygd. Eg skal trekkje fram to hovudoppgåver i etnologi, som båe er baserte på intervju med turistar og bygdefolk, og som legg vekt på perioden frå tida etter krigen og fram til 1980-åra. Dei gir litt ulike svar på spørsmålet om korleis bygdefolk og turistar har sett på kvarandre. Det treng ikkje bety at ei av oppgåvene tek feil, men kjem heller av at dei tek for seg to forskjellige område med ulike utgangspunkt og utviklingstrekk.

Hilde Marianne Larsen har undersøkt setrene på Roåker i Øyer i Gudbrandsdalen. Ho gir i hovudsak eit positivt bilete av samkvemmet mellom dei to gruppene og av den gradvise overgangen frå seter til hytte. Noko av forklaringa ligg i at dei fleste hyttefolka sjølve er etterkomarar etter dei gamle setereigarane, skriv ho, i tillegg til at dei tidlegare seteroppsitjarane gjekk over til å bruke seterhusa som hytter. Alt frå 1930-åra vart det til dømes vanleg at også ungdom frå bygda byrja å dra på påsketur i fjellet, slik byfolk hadde gjort.

Knut Aastad Bråten teiknar eit anna bilete av utviklinga på Beitostølen i Øystre Slidre i Valdres. Også her var fleire av dei fyrste hyttefolka i slekt med dei som sat på setrene. Sambandet mellom dei fyrste hytteturistane og bygdefolket ser ut til å vere friksjonsfritt dei fyrste tiåra. Men snart utviklar Beitostølen seg til noko meir – ein hytteby, med kafé, hotell og turistheim. «Stølsdrift og turisme går ikkje saman», skreiv ei budeie i fleire lesarinnlegg i avisa Valdres. Utviklinga gjekk ikkje lenger i favør av landbruket: Beitet vart bygt ned, hyttene vart gjerda inn, trafikken vart for stor. Rammene for eit aktivt seterliv vart utfordra av ein ekspansiv hytteturisme – på turistens premissar. Men irritasjonen gjekk båe vegar. Dyrelivet skapte også misnøye – ikkje minst var hyttefolk irriterte på buskapen som sorglaust gjorde frå seg utanfor dørtrammen.
Medan budeiene hadde hendene fulle med arbeid og praktiske gjeremål, hadde hyttefolket fri og betrakta seterlivet og lokalkulturen frå sidelina, som noko annleis og eksotisk. For borna kunne naboskapen òg vere positiv. Men det var ikkje til å unngå at det sosiale livet gjekk føre seg på byfolka sine premissar, og at klasseforskjellane var tydelege i fjellheimen. Stereotype oppfatningar av «dei andre» finn ein att både hjå hyttefolket og bygdefolket, samtidig som bygdefolk omtala byfolk i meir negative vendingar enn omvendt: Byfolk hadde jo heller ikkje greie på den slags arbeid, dei stod og såg på og kom lett i vegen.

Alt frå 1930-åra vart det til dømes vanleg at også ungdom frå bygda byrja å dra på påsketur i fjellet, slik byfolk hadde gjort.

7. ÅTTETIMARSDAG OG UTFERDSTRONG
Lat meg vende tilbake til øyane utanfor Oslo. Johan Borgens forteljing frå tida før fyrste verdskrigen kan seiast å vere typisk for framveksten av ein ny og moderne hyttekultur– hjå delar av overklassa, vel å merke. Men noko er i ferd med å skje, ikkje minst i arbeidarklassa, både i hovudstaden og elles i landet. I 1919 vart åttetimarsdagen innført. Ferie blir sidan lovbestemt, og i ein større del av befolkninga ynskjer fleire no å skaffe seg si eiga hytte. Mange av arbeidarane på austkanten i Oslo kom sjølve frå bygda. Dei var fortrulege med praktisk arbeid, som til dømes å drive matauk, og drog ikkje sjeldan ut med båt for å fiske, eller dei slo opp telt i strandkanten.

Ingun Grimstad Klepp og Inger Johanne Lyngø har i hovudfagsoppgåvene sine i etnologi skrive noko om korleis dei såkalla hytteøyane tok form, og korleis dei små hyttene var plasserte i landskapet, tett inntil kvarandre. Hyttefolket bygde gjerne hyttene sjølve, skriv dei, med hjelp frå vener og slektningar. Også her var det vanleg at mennene pendla med båt inn til byen, medan mødrene og borna budde meir og mindre fast på øyane gjennom sommarhalvåret.
Hytteliv og ferietid er hjå arbeidarklassa fylt med arbeid, men i motsetnad til arbeidskvardagen elles skjedde arbeidet her med liv og lyst – og på eigne premissar, når det passa dei sjølve. Også arbeidarar kunne nytte seg av omgrepet utferdstrong – som ein parallell til budeia sin fjelltrong – og som eit uttrykk for lengselen ut på landet, vekk frå dei tronge og til dels mørke og kummerlege bustadene i byen.
På bygda var det tradisjon for at ein ikkje arbeidde om sundagane. Også innanfor arbeidarrørsla – og meir generelt i landet – vart sundagen etter kvart omdefinert frå heilagdag til fridag.

Men irritasjonen gjekk båe vegar. Dyrelivet skapte også misnøye – ikkje minst var hyttefolk irriterte på buskapen som sorglaust gjorde frå seg utanfor dørtrammen.

8. MIDDELKLASSE OG SOSIALDEMOKRATI
Utviklinga i mellomkrigstida og den fyrste etterkrigstida må sjåast i samanheng med framveksten av det sosialdemokratiske Noreg. Klasseforskjellane vart mindre. For ein større del av befolkninga er det mindre aktuelt å utstyre heimen med tenarskap. Dessutan skjer det ei haldningsendring hjå den veksande middelklassa. Eg trur vi kan definere det som eit uttrykk for ei ny tidsånd, der fysisk arbeid vart skatta høgare i større grad enn tidlegare. Det gav etter kvart status å ta hand om det praktiske arbeidet sjølv: å snikre, reparere eller å måle. For mange vart den praktiske og fysiske kvardagen nye dimensjonar i det nye hyttelivet, både som ei økonomisk nødvendigheit og som noko ein kunne gle seg over og kan hende skryte av.
Truleg er det i lys av denne utviklinga at førestillinga om den norske hytta og det enkle livet på landet tek form, ikkje minst innanfor middelklassa, som ein krysning og miks mellom det gamle stølslivet, borgarane på landstaden og hyttekulturen i arbeidarklassa, mellom fjelltrong og utferdstrong – og eit borgarleg tarvelegheitsideal. Felles for både den nye og den gamle fjellkulturen er ei kjensle av fridom, som hjå mange vart – og blir – opplevd som grenseoverskridande.

Førestillinga om den enkle hytta er framleis levande. Men i dag er dei fleste hyttene ikkje lenger slik dei ein gong var. Hyttene er som einebustader å rekne, med tilhøyrande høgt forbruk av energi. Livet på hytta er ikkje nødvendigvis lenger fylt med praktisk arbeid. Og difor spør eg meg sjølv om hyttelivet har endra form og innhald – frå å vere ein stad for sjølvpålagd jobbing til jogging. For den treninga og fysiske aktiviteten du går glipp av når du ikkje lenger jobbar, ja, den må du eventuelt ta att ved å trimme.
Og likevel forbind vi hyttelivet med fridom, eit liv i frie omgivnadar, med andre samværsformer enn heime. Og når folk i dag ser tilbake, eller dei reflekterer over livet som har gått, anten det er på setra, hytta eller landstaden, ja, så peikar dei på tilværet på hytta som noko av det mest verdifulle dei har opplevd.

Ordet tarvelegheit hadde òg ei positiv tyding; i det låg til dømes eit ynske om å leve sparsamt, ikkje berre fordi ein hadde dårleg råd, men fordi det å vere nøysam var eit ideal og eit medvite ynske.

9. EG SIT PÅ EI ENKEL HYTTE OG SKRIV DETTE
Eg kan bruke meg sjølv som døme, medan eg sit på hytta – badande i vakker kveldssol – og skriv denne teksten. Eg trivst med det enkle hyttelivet – med utedo, vatn i brønnen, kalde morgonbad i sjøen og det praktiske arbeidet. Men eg har kome i mindretal. Noko må ha skjedd i slutten av 1980-åra som ledd i velstandsveksten. Tidsånda endrar seg.
Dei fleste nye hyttene som blir bygde i dag, anten det er i skjergarden eller på fjellet, er som store einebustader – nett som heime, og med alle dei hjelpemiddel og fasilitetar vi fyller heimane våre med elles. Å bygge si eiga hytte er framandt for dei fleste av oss. Med alle dei tekniske krava som blir stilte i dag, ville eg neppe fått lov til å bygge ei hytte nett som mi eiga. Og sjølv om det enkle livet på hytta var ein realitet i den fyrste etterkrigstida, lever ideen om han enno vidare.

STØTT HARVEST
Om du liker det vi publiserer, og har råd til å støtte oss, sier vi tusen takk. Klikk her for å se hvordan du kan gi ditt bidrag. Eller VIPPS til 71085. Vårt overskuddshorn av et nyhetsbrev får du her. 

SLUTT