Barn & lek

Den livsviktige frileiken

Det er ikkje mange år sidan ungane var å sjå overalt ute. Kva skjer viss den frie leiken forsvinn?

DATO: 06.12.2017 / AV: Josefine Spiro

– Viss du dreg båten inn i stova kan golvet bli øydelagt!
Jakob (4) si åtvaring går hus forbi hjå leikekameraten og namnebroren, Jakob Ludvik. Han har nok med å trekkje ein plastgjenstand bortover grusen på leikeplassen. Å få «båten» opp framfor inngangsdøra til den vesle leikestova ser ut til bli ei utfordring. Jakob Ludvik løfter blikket i søken etter hjelp. Det landar på eit par nysgjerrige jenter i nærleiken.
 – Kan du hjelpe meg? spør han den næraste.
Ho er ikkje vanskeleg å be. 
– Vi leiker at det er ei løde. Kanskje dette kan vere døra, seier Jakob Ludvik.
Barna i Trollmyra barnehage i Herøy på Sunnmøre veit korleis dei skal leike fritt. Det er ei evne dei har utvikla i samspel med kvarandre. Kvar dag får dei tid til frileik, enten det er på barnehagen sitt område eller på tur i fjøre, skog eller fjell.    
Ifølgje professor Ellen Beate Hansen Sandseter ved Dronning Mauds Minne Høgskole for Barnehagelærerutdanning, er denne leiken livsviktig. Ho har i mange år forska på barneleik, og særleg såkalla «risikofylt leik», som ho har sterk tru på at er avgjerande for barn si utvikling, læring og trivsel.
Men kva er eigentleg frileik?
- Den frie leiken må vere initiert av ungane sjølve. Temaet i leiken kan sjølvsagt bli forhandla fram innanfor barnegruppa, men dei vaksne må ikkje blande seg inn og leggje føringar for leiken. Barn må ha tid og moglegheit til å utforske alle typar leik, viss ikkje vert den for einsformig. Samtidig veit vi at nokre typar leik er truga. Vi må passe på så dei ikkje forsvinn, seier professoren.

Barndomsminne #1

– Eg er fødd på slutten av 70-talet. Frå vi var seks-sju år gamle var vi ute heile dagane - frå fjøre til fjell på same dag. I fjøra brann vi bål, røykte «tjukke-strå», og leita etter krabber, og eg hugsar kor fort vi sprang på fjøresteinane. Vi fekk ein utruleg koordinasjon! Vi eksperimenterte med å brenne ulike ting på bålet. Mest artig var det når vi fann målingsspann å hive på, for dei eksploderte etter ei stund!

Kniv hadde vi med overalt, og eg kan ikkje hugse at nokon skada seg alvorleg. Vi laga hytte i skogen, der vi leika i timesvis. Og så kunne vi klatre oss til fjells. Det var om å gjere å kome seg ned igjen før det vart mørkt. Foreldra mine hadde ikkje peiling på kvar vi var og kva vi styrte med. 
I nabolaget spela vi mykje fotball på marka eller fann på andre leikar, som Ping pang blekkboks, gøyme og leite, ringje på og stikke av, spionering og liknande. Ingen styrde kvardagen vår, og vi var overlatne til vår eigen kreativitet og fantasi. Vi fòr ikkje inn att før mor hadde ropt minst fire gongar!
I ettertid har eg tenkt at det er eit under at vi vaks opp, men eg kom til at vi vart veldig sjølvstendige.
- Kristoffer Nærø Ytterland, f. 1978

Utforsking av naturen, leik nær vatn og leik utan tilsyn av vaksne er på vikande front. Men alt dette er del av den naudsynte variasjonen i den viktige frileiken, meiner professor Sandseter.
– Vi treng meir av den fysisk utfordrande leiken der barn får halde på litt for seg sjølve, gjerne i naturmiljø. Du ser ikkje lenger store gjengar av ungar som leiker ute frå etter skuletid til dei vert ropte inn til middag, seier ho.
Det er eit resultat av ei samfunnsutvikling der mellom anna både mor og far er yrkesaktive, og det meste av fritida er organisert.
– Men då er det ekstra viktig at vi finn løysingar som let barna få leike fritt. Det er norske barnehagar flinke til. Mange oppsøker naturområde for å gi barna høve til å utforske leik, seier Sandseter.

Fagarbeidar Gunn Nerland i Trollmyra trekkjer fram mobiltelefonen og viser fram eit bilde frå dagens tur i fjøra. Barna på bildet ser ikkje ut til å gjere noko spesielt, der dei sit med parkdressryggane mot kameraet og nasene vende mot sjøen.
– Målet med turen var eigentleg å plukke steinar, men der er alltid rom for leik, undring og utforsking på vegen. I dag, då vi kom fram, sette nokre av barna seg ned og berre såg på stormen og fjøra. «Ska tru når bølgjene kjem over steinane?».

Ifølgje professor Sandseter, som primært forskar på små barn, verdset norske barnehagar frileiken sin eigenverdi.
- Men også barnehagane opplever eit politisk press om eit sterkare læringstrykk på dei aller minste, noko barnehageprofesjonen har kjempa iherdig mot, fordi dei synest frileiken er så viktig. Difor har enno ikkje denne politikken fått skikkeleg fotfeste i norske barnehagar. Dei er framleis prega av mykje frileik. Heldigvis, seier ho.
På skulen er det verre. Der er kvardagen i større grad prega av vaksenstyrte aktivitetar. Det same gjeld barna si fritid. Utviklinga er farleg, skal vi tru forskaren.
– Vi veit at den beste måten å tileigne seg nye ferdigheiter på er når læringa skjer på grunn av eiga interesse. Slik indremotivasjon får barn når dei utforskar seg sjølve og omgjevnadane sine gjennom leiken. I tillegg er dette barn sin primære måte å uttrykke seg på. Gjennom leiken lærer dei kommunikasjon, samhandling, forhandling, og det å ta ulike roller. Samtidig utfordrar dei seg sjølve emosjonelt, psykisk, motorisk og fysisk.

Barndomsminne #2

– Då eg var 8-9 år gammal oppdaga eg og kameratane mine ei leikehytte i skogen, like ved der vi budde, i Hallelia på Larsnes. Den hadde heilt tydeleg stått tom i lengre tid, og sidan ingen brukte hytta tok vi like gjerne over ho. Vi reparerte ho med nye plankar og ny granbar, og den vart raskt som eit fort for oss. Der leika vi gjerne at inntrengarane kunne kome når som helst, og vi gav kvarandre heilt spesifikke arbeidsoppgåver. Éin var kongen, nokre var soldatar, og resten kunne like gjerne vere fiendar. Ved fleire høve kom eg heim blodig og forslått, for til tider gjekk det hardt føre seg! Foreldra mine vart veldig bekymra, men eg fekk roa dei ned med å fortelje om kva vi gjorde. Det fekk dei til å tenkje tilbake på sin eigen barndom, og då aksepterte dei at eg hadde nokre blåmerke i ny og ne.

Hadde dette vore i dag trur eg det hadde vore andre tilstandar. Men i dag leikar ikkje barna ute. Dei sit inne, med kvar sin skjerm framfor seg og ser andre barn leike i fort, i den virtuelle verda. Dørstokkmila har aldri vore lengre.

- Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll, f. 1988

– Dersom frileiken forsvinn står vi i fare for å få barn som ikkje veit korleis dei skal lære. Mange tenkjer at leiken kjem naturleg, men mykje kan tyde på at det er ein naiv tankegang. Leik er ein kompetanse. Viss du alltid vert fortald kva du skal gjere, vert du dårlegare til å finne interesser sjølv. I staden for å få eigne impulsar lærer du ei slags forventning om at nokon tek hand om det som skal skje. Viss vi gjer barna våre ute av stand til å ta initiativ til leik sjølve vil leiken bli erstatta av noko anna - ofte organiserte, vaksenstyrte aktivitetar, seier Sandseter. 
Også digitale media har noko av skulda for at barn «gløymer» korleis dei skal leike fritt. Mange rekk rett og slett ikkje å kjede seg, så dei «treng ikkje» å vere kreative.
– Digitale media er delvis med på å erstatte tid som kunne ha blitt brukt på frileik. Men teknologien er ikkje einsidig negativ. Til dømes kan digitale media gi kreative moglegheiter, som teikning, konstruksjon og skaping, og då er der sterke innslag av frileik.

Barndomsminne #3

– Vi leika aldri inne. I løda leita eg og bestevenninna mi, Ida, fram kattungar som villkattane hadde gøymt. Vi leika oss også på Kopperstad-moloen under sjøbudene. Der sat vi på pålane under budene og fiska krabber og sjøstjerner. Dessutan var vi på «Pilhammaren», eit steinområde rett ovanfor Kopperstad-moloen, som det finst gamle segner om. Der grov vi etter skatter. Elles leika vi «sølvpilen», altså indianarar i skogen. Uteleiken heldt fram heile året.

- Perly Kopperstad, f. 1975

Ifølgje Sandseter fokuserer det vestlege samfunnet stadig meir på sikkerheit. Somme hevdar at notida er prega av «bomullsbarn» og «helikopterforeldre».
– Folk er redde for å sleppe ungane ut utan tilsyn av vaksne. Frykta er irrasjonell, for det norske samfunnet har aldri vore tryggare. Der er mindre vald, og sjansen for at barnet blir kidnappa eller treff på pedofile overgriparar er usedvanleg liten. Likevel er folk urolege og lagar masse restriksjonar som gjer at barnet ikkje får utforske alle dei morosame tinga vi biologisk sett er konstruerte for å gjere. Men dette er vanskeleg, for sjølv om statistikken talar for seg, er der ein slags kollektiv frykt som har vart i nesten ein generasjon, meiner professoren.
Der er også dei som ikkje vil utsetje barna sine for risiko som treklatring, knivspikking eller fartsleik.
– Viss barn ikkje får teste grenser og leike risikofullt vert dei til sjuande og sist meir sårbare for å bli ramma av ulukker og skader, fordi dei ikkje har erfart korleis dei skal takle uventa hendingar, seier Sandseter. Ho gir eit døme:
– Når eit barn reier, akar på snøen i full fart, eller syklar rundt på dei små stiane i barnehagane, må dei heile tida tilpasse si eiga rørsle. Samtidig utviklar dei ei betre romorientering. Det har foreldra masse igjen for den dagen dei til dømes skal sende barna ut i ein trafikksituasjon.

Barndomsminne #4

- Vi leika «gøyme og leite» mellom 12- 14 laaaange hesjer. Det var kjempegøy! Å hoppe i høyet om hausten var også herleg; den kjensla av å klatre høgst mogleg, ja gjerne heilt opp til takbjelkane, og så sleppe seg utføre. Kjenne fallet! Det var nesten ekstremsport! 
Elles gjekk eg mykje på turar i fjell og utmark. Eg har sitte fast i hengemyr, som var kjempeskummelt. Og ein gong gjekk eg og ei venninne gjennom isen i ei elv. Det har vi aldri fortalt foreldra våre.

- Kristin R. Gjerde, f. 1973

– Eg trur noko av det viktigaste foreldre kan gjere for å overvinne frykta er å trekkje fram minne frå eigen barndom, samtidig som dei innser at verda faktisk er sikrare no enn då vi var små. Ikkje minst må ein hugse på kor viktig det er for barn å leike og utforske på ein litt risikofull måte. Det gjer dei i betre stand til å møte verda og handtere liva sine vidare. Denne kunnskapen er like viktig - ja kanskje viktigare - enn skulebasert kunnskap, seier Sandseter.
Med andre ord bør foreldre tenkje seg nøye om før dei nektar ungane sine å drive risikoleik.
– Tenk over konsekvensane av restriksjonane. Kan det vere at du i det lange løp gjer barnet ditt ei bjørneteneste?
Å la ungane få leike fritt i naturen betyr ikkje at du skal la dei få styre på som dei vil til ei kvar tid. Barnets sjølvstendigheit har sjølvsagt mykje å seie for kva han eller ho kan gjere på eiga hand.
– Viss noko er heilt ukjent for barnet, må vaksne vere i nærleiken som støttespelarar. Men som oppegåande vaksne bør vi leggje merke til det når barnet ønskjer å lausrive seg og få til ting sjølv. Ser du det, vil du vere tryggare på å slakke på tøylane når tida er inne, fordi du stoler på at ungen vil meistre situasjonen, seier Sandseter.

Jakob og Jakob Ludvik i Trollmyra held fram med leiken om båten og løda, medan jentene som verka så interesserte for ei stund sidan har slått seg ned i ein av dei populære sandkassene. Der verkeleg myldrar det av refleksvestar. Fireåringane Daniel, Gabriel og Lucas Fernando har på si side teke med seg spadane ut av sandkassa. I gutane sin fantasi får plutseleg dei fargerike bruksgjenstandane ein heilt annan funksjon.
– Støvsugarleiken!, roper Daniel. Før han setter dei andre to. Boblande latter finn vegen ut av strupane deira, medan dei spring i ring etter kvarandre med «støvsugarane» vinglande ut i alle retningar. 
Det er gøy i om lag eit halvt minutt, før dei finn på noko nytt. Den nye leiken verkar å vere omtrent slik: Klatre opp klatrestativet der det ikkje er lagt opp til å klatre, hoppe ned igjen der «trappetrinna» er, og rulle seg rundt på bakken i det føtene treff underlaget.
– Vi gjer det ein gong til! 
 

Harvest er gratis å lese. Men vi trenger din støtte. VIPPS til 71085

SLUTT